I presseomtalen heiter det at detaljhandelen i mange land har gjennomgått store endringar dei siste 20–30 årene. Daglegvarebransjen er eit viktig eksempel, der detaljmarknaden har blitt meir konsentrert over tid; vi har sett framveksten av stadig større daglegvarekjeder og butikkformat, samtidig som talet på butikkar per innbyggar er fallande. Det er brei semje om at denne utviklinga har gitt forhandlarane større makt i forhandlingane med leverandørane sine. Men mange spør om dette har vore til forbrukarane sitt beste, eller om det i staden har ført til høgare prisar, dårlegare vareutval og mindre innovasjon.

Det har vore eit behov for å utvikle ny teori som kan gi ei djupare forståing for utviklinga i bransjen. Doktorgradsavhandlinga til Bjørn Olav Johansen er samansett av tre artiklar som alle bidreg til den teoretiske delen av litteraturen om kjøparmakt.

Bjørn Olav Johansen (f. 1981) er samfunnsøkonom frå Universitetet i Bergen, og har vore tilsett som stipendiat ved Institutt for økonomi sidan 2007.

Bjørn Olav Johansen er frå Ulsteinvik. Foto: Anett Haukås