I februar 2010 inngjekk USOS ein avtale med Heerema om å designe eit djupvass konstruksjonsskip, og ein intensjonsavtale vart i juli inngått mellom Heerema og byggjeverftet DSME, ein avtale som 24. august vart omgjort til ein byggjekontrakt for design, konstruksjon, testing, ferdigstilling og levering av skipet.

Viktig satsingsområde

- Design for djupvass konstruksjonsfartøy er ei viktig satsing for Ulstein Group, og vi er veldig nøgde med at Heerema valte våre designløysingar til dette skipet. Det syner at den breie designkompetansen vår er anerkjent, seier viseadministrerande direktør Tore Ulstein i Ulstein Group.

Heerema-fartøyet med DPIII-klasse (dynamisk posisjonering) har ein roterande tungløftskapasitet på 4000 tonn, kan senke ned djupvassutstyr ned til 3500 meter, og har eit rørleggingstårn for såkalla ”J-lay” og ”Reel-lay”-operasjonar gjennom ein moonpool. Skroget er spesielt designa for hurtig transittfart og optimale rørsler i operasjonar, og er utstyrt med 2 stk 6500 kW-motorar og

4 stk 3200 kW-motorar, noko som kan gi ei transittfart på 12-14 knop.

- Heerema sitt val av design syner at SOC5000-designen vår er eit solid grunnlag for å møte behova til kundane, seier Bob Rietveldt, administrerande direktør i Ulstein Sea of Solutions.