Salderingsforslaget til rådmannen i Herøy er fordelt på etatane med eit omfang frå 50.000 kroner på barnehageavdelingan til 1.250.000 kroner på pleie- og omsorgsavdelinga, melder avisa Vestlandsnytt. Medan barnehageavdelinga vil stenge fem avdelingar i ei veke, vil skuleavdelinga skjere ned mellom anna på norskopplæring for framandspråklege, spesialundervisning og bruk av assistent for å spare 800.000 kroner. Pleie- og omsorgsavdelinga tek inn ein stor del av sine 1,25 millionar kroner gjennom auka vederlag på opphald i institusjon og prisauke på tryggleiksalarmar. I tillegg blir det 200.000 kroner mindre til støttekontaktar, og kursutgifter blir nedskorne med 250.000 kroner. For dei fleste andre avdelingane ligg innsparingane på i storleik 100.000-200.000 kroner.