Politiet skildrar ulykka som udramatisk. Det var ein person i bilen og ingen personskade. Sjølve bilen hadde relativt store materielle skader. Under utforkøyringa tok bilen med seg eit skilt utfor kanten av vegen.

Ein patrulje kom til staden for å ta ein rutinemessig kontroll av bilførar, og kunne raskt slå fast at det ikkje var alkohol som var årsaka til ulykka.