Det viser dei nyst utlagde tala frå Statistisk Sentralbyrå for skatterekneskapen 2009. Hareid kommune får 10,7 prosent meir frå skatteinntektspotten i 2009 enn i 2008. Vidare rangering mellom kommunane på Søre Sunmøre er slik: Ørsta + 10,3 prosent. Volda + 9,0 prosent. Sande + 8,0 prosent. Ulstein + 7,7 prosent. Herøy + 7,6 prosent. Vanylven + 6,8 prosent. Ser ein på dei totale skatteinnbetalingne pr. kommune i 2009, så var Ulstein suverene i vekst-prosent ved at det vart betalt inn heile 20,0 prosent meir i skatt av bedrifter og privatpersonar i 2009 enn i 2008. Men sidan mange arbeidstakarar pendlar til Ulstein - og har ein annan kommune som til sjuande og sist bokfører skatten - blir resultatet eit anna når den endelege fordelinga til primærkommunane foregår.