Ingvild Myklebust ingvild.myklebustvikebladet.no Det er på vegner av Roger Blankholm og fleire av grunneigarane at firmaet Per Mulvik AS har teke på seg oppdraget. Planområdet ligg mellom eksisterande reguleringsplanar "Eika sørsida" og "Storevika-Einehola". Totalt 21 nye hytter er teikna inn i reguleringsplanen. Nyleg var planen oppe til diskusjon i teknisk utval i Ulstein kommune. Arealplanleggjar Anders Myrene fortel at nokre punkt vart peika på. – For det første gjaldt det hyttepunkt som var plasserte for nær sjøen. For det andre gjaldt det hyttepunkt som var plasserte for høgt i terrenget, oppsummerer Myrene. Omsyn til ålmenn ferdsel For uregulerte område gjeld regelen om 100-metersgrensa i forhold til bygging i strandsona. Denne regelen gjeld ikkje for regulerte område. Fylket har bede om at hyttene vert trekte minst 50 meter opp frå sjøen, slik at ein ivaretek omsynet til ålmenn ferdsel. Dei meiner også det er viktig at ein held oppe minst ein open korridor frå traktorvegen og ned til sjøen. Firmaet Per Mulvik AS uttaler at hyttepunkta er tilpassa terrenget - og dersom hyttepunkta skal trekkjast så langt opp som 50 meter frå sjøen, vil mange av punkta falle bort. Ei slik 50- metersgrense er heller ikkje gjeldande for dei tilstøytande planane. Dei meiner at omsyna til ålmenn ferdsel må kunne imøtekommast utan å trekkje hyttepunkta lengre bort frå strandlinja enn 30 meter. På planen er det vist utkast til sti mellom vegen og sjøen. Arkeologiske funn Fylket har gjort fleire arkeologiske funn i ein del av området. Desse funnområda er no verna, det førte til at ein måtte flytte på ein del av hyttepunkta. Dessutan har teknisk utval valt å flytte eit hyttepunkt som dei meinte låg for nær ei strand. – Det er lagt vekt på at stranda skal vere open for alle, seier Myrene. Turvegen over øya skal rustast opp. På høgda finst der ein rasteplass, denne kan ein også ruste opp. Teknisk utval oppmoda også til at ein bør få til ein rasteplass i nærleiken av hytteområdet, slik at folk bruker den og ikkje kjem i konflikt med hytteeigarane. Det vart meldt om oppstart i september i fjor. Ein gong på nyåret skal reguleringsplanen leggjast ut til offentleg ettersyn. Deretter skal den tilbake til teknisk utval, før den går vidare til kommunestyret, som tek den endelege avgjerda.
Nyhende →
Planlegg hytteområde på Eika
Firmaet Per Mulvik AS har utarbeidt eit privat framlegg til reguleringsplan for eit hytteområde på sørsida av Eika. Kommunen og fylket vil ivareta omsynet til ålmenn ferdsel.