Fin vinterstemning på Holstadhornet søndag.

Frå skoggrensa og opp mot toppane er det dei fleste stader eit snølag på 30 cm. Men dei fleste stader er det også eit veikt skarelag, som er lett å skjere gjennom.

Søndag hadde nokre få personar vore oppe på Holstadhornet ovanfor Hareid sentrum, men der var like mange fotspor som skispor i fjellsida.

Veret søndag var stilt og fint med blå himmel og temperaturar rundt null. Utover i veka stig temperaturen - og det blir regn i låglandet. I høgda kan det bli ny påfylling av snø, så komande helg er kanskje skareproblematikken ein heilt annan.