Debatten om kvar jomsvikingslaget stod, ser ut til å halde fram. I fjor kom Odd Karstein Fløtre med boka ”Jomsvikingslaget i oppklarende lys”.

I år er det Johan Ottesen som kjem med boka ”Slagstaden. Kvar møttest nordmenn og jomsvikingar?” I boka gjengir Ottesen sentrale delar av det gamle kjeldematerialet. Han presenterer også argumenta for og imot alternativa som har vore lanserte til no. Og til slutt legg han fram sin eigen teori – at slaget har stått i Eiksund/Leikong-området.