- Sidan det er så stor interesse for å gå på kurs, har vi valt å setje opp eit kurs til no i vår. Difor vert det nytt kurs på Borgund Folkehøgskule laurdag 14. april, fortel bakeleiarane Gerd Tennøy frå Skodje og Hjørdis Almelid Vikenes frå Ørsta. Dei har siste året hatt fleire bakekurs saman. Bakgrunnen for at Norsk Cøliakiforening (NCF) arrangerer slike kurs, er å hjelpe nydiagnostiserte, pårørande og venner av dei som treng eit glutenfritt kosthald. Tidlegare i vår var det eit kurs i Ørsta og det vert nye kurs både i Ålesund og i Ørsta til hausten. - Ofte opplever mange som startar å lage glutenfri mat at det ikkje er like lett å lage vellukka bakverk som det var tidlegare. Men øving gjer meister! På bakekursa får ein mange tips og fleire oppskriftshefte. Vidare får deltakarane prøve å setje deigane sjølve, og dermed haustar dei erfaringar om korleis dette kan gjerast. Den einaste måten å verte god på, er naturlegvis å lage mykje mat, konstaterer bakeleiarane. Sidan fleire av dei som stod på venteliste til det første kurset på Borgund Folkehøgskule kunne delta på det andre bakekurset laurdag etter påske, er det ikkje så mange ledige plassar igjen. Men dei som har interesse av å delta på kurset, kan ta kontakt med ein av bakeleiarane.