Ho har ikkje nøyaktige tal over kor mange som har nytta seg av kampanjetilbodet om vaksinering før jul, men det har ikkje vore større pågong i år enn tidligare år. Til dei som endå ikkje har fått denne vaksina har ho berre ein ting å seie: - No er det nok for seint, ei slik vaksine skal helst sitte i kroppen i minst to veker før den blir skikkelig verksam. Det beste rådet ho har til personar som ikkje ynskjer å bli smitta, er å vaske seg godt på hendene. Ho minner om at det fins ikkje behandling for sjølve influensaen, så det beste er å førebygge så godt ein kan.