Martin Hauge-Nilsen, leiar i DNT Ung på Sunnmøre, inviterer til grottevandring i Dollsteinhola komande laurdag.

Leiar Martin Hauge-Hauge opplyser dette om turen:

- Det er ca ein time å gå fram til hola og tilbake til bussen. Det er fin sti heile vegen. Vi tilrår å bruke fjellsko/støvlar, men også andre skotypar kan nyttast utan problem.

Dollsteinhola er ei ca 180 meter lang marin hole i fjellet Dollsteinen på øya Sandsøya, ytst på kysten av Sunnmøre. I tidlegare tider har havet mast sundt berget langs ei svak sone som går innover i Dollsteinen.

Opninga ligg ca 60 meter over havnivå. Dei første 50-60 metrane innover går bratt ned ein gjørmete bakke, før ein må over nokre store, sleipe steinar. Deretter blir det nokre tronge passasjar innover til - og mellom - fleire rom. Det er derfor greitt å ha med støvlar, hanskar og klede som ein kan skitne til, som kjeldress eller regnklede. Lommelykt/hovudlykt er også obligatorisk.

- Ta også med hanskar (arbeidshanskar), niste og anna nyttig dagsturutstyr. - Eg kjem til å ha med eit par-tre ekstra par med støvlar og hanskar i tilfelle nokon må låne dette, lovar Hauge-Nilsen og minner om dei tre grottereglane:

- Ikkje ta anna enn foto. - Ikkje legg att anna enn fotspor (og helst ikkje det, heller). - Ikkje slå i hel anna enn tida.

Dollsteinhola er omtala i fleire historiske skrift langt tilbake i tid. Geologen H. Reusch hadde den første vitskapelege omtalen av hola i tidsskriftet Naturen i 1877. Der er gjort fleire fortidsfunn, som viser at hola har vore bustad ein gong - og det knyter seg mange segner til henne. Det er fortalt at Orm Torolvson frå Island kom for å hemne drapet på fostbror sin, Asbjørn Prude frå Hordaland, som risen Bruse i Dollsteinhola hadde drepe. Ragnvald Kale Orknøy-jarl var her først på 1100-talet. Det er fortalt at han symde over vatnet i botnen av hola.

Hola er også nemnd i det engelske bokverket Encyclopedia Britannica frå før 1800. Der er det sagt at ho går under havet til Skottland, men at det er ei segn. Det er også blitt hevda at den legendariske Kong Arthur av England gøymde bort både ein gullringskatt og Den Heilage Gral her på 500-talet. Men ingen av desse er funne til dags dato. Å gå på skattejakt i området kan derfor vere ein spennande aktivitet.

Dollsteinhola er i dag eit kulturvernområde.