Svein Ivar Aarskog frå Vartdal har varsla fylkestingsrepresentantane i Møre og Romsdal om at det er stifta ein folkeaksjon for å få traseen E39 frå Volda, Ørsta, Festøya til Ålesund fram i lyset.

Folkeaksjonen er lagt ut på Facebook, og på kort tid har dei fått over 2200 støttemedlemer i gruppa. Ifølgje Aarskog har dei blitt kontakta av næringsverksemder på heile Vestlandet som ønskjer å støtte dette trasevalet.

Folkeaksjonen ønskjer at ein framtidig stamveg skal gå frå Furene i Volda, over Raudøya og vidare til Vartdal, med tunnel til Spjelkavik og ei eiga arm til Sykkylven.

Dette er eit av alternativa som Vegvesenet legg fram i arbeidet med ny stamveg frå Skei til Breivika. Og det er eit av to alternativ som Stamveggruppe sør har lagt fram som alternativ. Folkeaksjonen E 39 frå Volda oppmodar Fylkestinget om å støtte alternativet deira. Dei er kjende med at Samferdselsutvalet har prioritert Storfjordbru-samband på første plass:

– Med vårt alternativ kan Møre og Romsdal sjå vekk frå Storfjord-brua og satse midlane på andre vegsamband, argumenterer dei med.

– 15 km kortare enn Hareid fastlandssamband

Ut frå kart frå Statens vegvesen har folkeaksjonen utført berekningar som viser at alternativet deira er 15 km kortare enn alternativet som inkluderer Hareid fastlandssamband frå Furene, via Eiksundsambandet, Bigset, Vedde, tunnel under Borgundfjorden og til Breivika.

– Vi meiner ein stamveg skal vere ei rask ferdselsåre, og at stamvegar ikkje skal nyttast som verkemiddel for å få nye lokale vegar når dette inneber ei lenging av trasear, heiter det mellom anna i skrivet frå folkeaksjonen for E39 frå Volda, Festøy til Ålesund.