Vedtaket i Ulstein kommunestyre var samrøystes, og under føresetnad av at Hasundgot IL tilfører sponsormidlar og dugnadsinnsats til prosjektet, og at dei stiller med prosjektleiing i byggjeperioden. Leiar Tore Dammerud og nestleiar Nora Wingsternes møtte opp i kommunestyresalen for å høyre på debatten, og Dammerud seier til Vikebladet Vestposten at idrettslaget er glade for den politiske viljen. – No håper vi på økonomisk velvilje frå potensielle sponsorar, legg han til. Dammerud opplyser at årsmøtet i Hasundgot IL har sikta seg inn på å skaffe 1 million kroner i sponsorinntekter, 200.000 kroner i gåver, og dugnadsinnsats til ein verdi av 400.000 kroner. I vedtaket til kommunestyret heiter det at Ulstein skal forskottere tippemidlane som kjem til prosjektet. Og dei budsjettmessige konsekvensane skal leggjast fram for kommunestyret i eiga sak. Leiaren i Hasundgot IL seier at laget no vil gå ut til sponsorar og folk som vil teikne andelsbrev. Same dag som kommunestyret heldt møte, fekk Hasundgot IL vite at dei får 25.000 kroner i forprosjekteringsmidlar. Hasundgot idrettslag har derfor start prosessen med å hente inn tilbod frå Ulike aktørar. Søknaden skal vere ferdig rundt 10. januar neste år, slik at kommunen kan sende søknaden om tippemidlar tinn til fylkestinget frå 15. januar. – Dersom vi får til avtalen med Ulstein kommune reknar vi med å spele haustsesongen på grønt gras, smiler Dammerud.