Bjørn Eidsvåg trakk fullt hus i kulturhuset i Ulstein denne veka. På ein måndag i julestria. På nyåret finn vi landskjende artistar i fleng på kulturprogrammet til Sjøborg. Kulturkonsulent Annika Brandal er likevel ikkje redd for at kjendisane skal ta luven frå lokale musikk- og kulturkrefter. – Vi har hatt utselt, utselt og utselt der også, fortel Annika og ritar opp lokale krefter som har trekt fullt hus i ein kultursal som rommar nesten 500 personar. Fleire av dei lokale kreftene har fått hjelp av langvegsfarande artistar som Ulstein Storband med Kåre Conradi og Hemingen med Vazelina Bilopphøggers. Men også årets Nyttårskonsert med ULF og HDU opplevde utselde konsertar. Til og med to stykke. – Eg trur det har vore ein veldig god variasjon av lokale og større artistar. Eg kjem ikkje på nokon som ikkje har selt bra, seier Brandal. Kulturkonsulenten meiner at kulturtilbodet i Ulstein det siste året har vore så bra at folk rett og slett ikkje har kunna rekke over alt. Sjølv om det viser seg at mange prioriterer kultur. – Eg ser at folk flest prioriterer det å ta seg ein kveld ut. Det er veldig kjekt, synest vi. Dagleg leiar ved kulturhuset i Herøy har liknande erfaring: – Dei lokale artistane har veldig godt besøk. Her har vi opplevd utselde hus. Det får vi sjeldan til med nokon andre, fortel Olav Kvalsvik.
Nyhende →
Kulturkonsulent Annika Brandal: - Folk vil ha både landskjende og lokale artistar
Kulturkonsulent Annika Brandal i Ulstein meiner det ikkje berre er kjende artistar som dreg publikum til Sjøborg kulturhus: - Folk vil ha begge deler; både dei landskjende artistane og dei lokale.