Møre og Romsdal fylke viser til tilsegnsbrev og seinare brev med purring om sluttrapport for prosjekt Tursti frå Ulsteinelva til Ytre Flø, skriv ulstein.kommune.no Det vart avgjort å gi 56.000 kroner til tursti-prosjektet. Av dette er det tidlegare utbetalt 26.000 kroner. Fylket skriv at dei framleis ikkje har teke imot sluttrapport for anlegget, og vil med dette trekkje inn dei ikkje utbetalte midlane på kr 30.000. Dersom fylket ikkje har teke imot sluttrapport innan 01.07.09, vil dei i tillegg krevje tilbakebetalt dei allereie utbetalte midlane på kr 26.000.
Nyhende →
Tek tilbake tilskot
Møre og Romsdal fylke har bestemt seg for å ta tilbake tilskotsmidlar som skulle gå til tursti på Flø.