For nedleggingstruga Skollebakken barnehage og Vikingen ungdomslokale vert dette eit skjebnesvangert kommunestyremøte. KUNSTGRASBANE Ei anna viktig sak som skal opp utbygging av kunstgrasbane ved Hasundgot stadion. Rådmannen har tilrådd at Ulstein kommune vedtek utbygging av Hasundgot stadion til 5,6 millionar kroner. Hasundgot IL skal betale eit eingongsbidrag på 2,34 millionar kroner til Ulstein kommune. Dei pliktar til å ta del i dugnad til ein verdi av 400 000 kroner. Dei må stille med prosjektleiing i byggeperioden. Ulstein kommune vil forskottere tippemidlane som vil tilfalle prosjektet. I kveld skal kommunestyret behandle saka.