Det var tidlegare i desember Karsten Øvrelid var ute i Vartdalsfjorden for å fiske lyr. Han sette ei setning på tre garn og neste morgon var garna fulle. – Eg slutta å telje då eg kom til 300 fisk. Det var 1,5 til 2,5 kilo store torskar og eg fylte haugen på i fire stampar og det var enda meir i båten. Han heldt på å søkke. Pensjonisten og hobbyfiskaren ristar på hovudet og viser oss den 15 fot store båten han har i naustet sitt i Almestranda. Ikkje så langt bortanfor ligg merdane til oppdrettsanlegget. – Eg sette garna ein kilometer lenger sør, peiker Øvrelid, som likevel ikkje er i tvil om at det er oppdrettsfisk på rømmen han har fiska. Ein båt full av sprellande tosk ville for berre få år sidan vekt jubel for alle fiskarar. Den fisken Karsten Øvrelid fekk før jul var berre å kaste i sjøen igjen. – Han var heilt gul i kjøtet og det lukta guano av han. Eg gjorde opp litt fisk og kasta til måsane, men ikkje ein gong dei ville ha han. Fiskaren viste ikkje anna råd enn å dumpe heile fangsten, som han meiner var på om lag 5-600 kilo. – Det verste er at villfisken snart ikkje er etande han heller. Han står rundt merdane og et av foret til oppdrettsfisken. Øvrelid fiskar til husbruk heile året. Han har gjort det sidan han var gutunge og følgde far sin, som hadde naustplass i Engeskaret. Han veit godt korleis fisk skal sjå ut og smake. Han meiner også at villfisken er på retur. På den gode fiskeplassen like ved oppdrettsanlegget på Alme, er det ikkje lenger fisk å finne. Øvrelid fortel at det var gyteplass for torsk nokre hundre meter frå naustet hans, men han er redd den nye næringa har skremt unna fisken. No fryktar hjørungavågmannen at dersom oppdrettsnæringa får halde fram å breie seg frå Hjørungneset til Eiksund, så tek det knekken på villfisken. – Når ein er ute og fiskar og ikkje får ein einaste etande fisk i fjorden, då er det bra gale.
- Berre tull
Dagleg leiar i Branco AS, Per Sture Mork trur ikkje noko på historia frå Karsten Øvrelid. Branco er oppdrettsanlegget med lokalitetar på Haggardsneset på Alme. - Det er einskilde som prøver å sværte næringa. Mork meiner at det heile botnar i ei misforståing og at påstandane er urimelege. - Vi sel fisk av beste kvalitet til høgare pris enn villfisk. Branco-aksjonæren meiner at dei som har greie på det veit at hardfora fisk må sløyast med ein gong for å halde på kvaliteten. - Trugar oppdrettsnæringa villfisken? - Det er heilt usakleg. Det er ingenting som tyder på det. Mork oppsummerer fiskehistoria på Lille-Alme på denne måten: - Dette er det inga dekning for. Dersom nokon har problem må dei legge det fram til oss og forklare realitetane med ein gong.