– Det er inga overrasking at det er ekstra intensivt dei siste to vekene før jul. Vi har vel dobbelt så mange kundar i denne perioden, men dette er noko vi er innstilt på og klar over lenge i forkant, seier Marie Gjerde ved postkontoret i Ulsteinvik. Ho er no inne i sitt 32. år i posten, så det står i alle fall ikkje på erfaringa. Til dagleg har dei fem tilsetje, men i sluttfasen av julerushet, har dei tradisjonen tru henta inn ekstra bemanning. – Dette er vi nøydde til for å dekke etterspurnaden, fortel Gjerde. Få endringarPostkontoret i Ulsteinvik har ikkje merka noko endring i brev- og pakkesendinga i høve til tidlegare år. – Nei, det er stort sett det same. Jula handlar jo om tradisjon, og folk sender faktisk like mykje brev og pakkar som før, trass i at netthandelen har auka. Gjerde fortel vidare at dei økonomiske nedgangstidene ikkje har sett sitt preg på folk si handlelyst. Så det går mot pakkar under juletrea i år også.– Det skal meir til før det blir tilfelle, ja, smiler ho. Effektivt system Med den store pågangen som postkontoret no opplever, er det viktig å ha orden og system på alle pakkane. Dette løyser dei ved å systematisere pakkane i hyllene gjennom strekkodar. – Det er eit puslespel for å få alt til å fungere. Men det går stort sett bra. Folk er flinke til å hente pakkane sine. Den store utfordringa for oss er dersom kundane har mista brevet med strekkoda, fortel ho. Hugs fristen Gjerde og dei andre ved postkontoret seier at hovudfokuset deira ligg i å minne folk om fristen for å sende pakkar. 16. desember er sett som siste dag dersom dei skal garantere for at det kjem fram i tide. – Så vi oppmodar folk på det sterkaste om å ikkje vente med å sende til i siste liten, leiaren.

Veteran Rune Ulfstein og Oline Gjerde Myklebust, opplever ein auka tilstrøyming av kundar fram mot jul.