Fredag ettermiddag vart det funne bakteriar i drikkevatnet på Eiksund og Haddal. Desse var av typen E-coli, og innbyggjarane vart derfor råda til koke drikkevatnet sitt. Mistanken fall på ei lekkasje i Haddal som smittekjelde. Fleire prøver følgde dagane etter, og den siste kjende er frå tysdag som framleis påviste ei lita ureining. Verdiane var svært låge, mellom 0 og 2 bakteriar pr. desiliter, men teknisk etat i Ulstein kommune rådar fremleis folk til koke drikkevatnet sitt. Verdiane er svært låge, men dei ligg ikkje på null. Derfor vil vi fortsatt oppmode om koking for å vere på den sikre side, uttalar Kjetil Ulstein ved teknisk etat. Like før prøvene vart tekne vart røra spylt for å få ut gammalt vatn og grums som kunne ligge att. Dette kan ha forureina prøvene då det er mykje ureinheiter i vatnet i etterkant av slike utspylingar. Dette gjer det vanskeleg å konkludere noko ut ifrå desse resultata, meinar Ulstein. Onsdag vart det derfor tekne nye prøver som Kystlab vil ha klare til offentleggjering torsdag ettermiddag.