Teknisk utval i Ulstein gav Flø Feriesenter AS løyve til å gjere høgare, forlengje og flytte delar av søre molo og ta i bruk nokre steinar som ligg i fjøra. Dispensasjonen blir gjeve mellombels for utbetring av søre molo, og gjeld inntil det ved reguleringsvedtak eller einskildvedtak blir avgjort om moloen kan vere plassert som no eller må flyttast eller fjernast heilt. Det er ein føresetnad i saka at tiltaka er avklart med aktuelle grunneigarar. Grunngjevinga for at dispensasjonen kan gjevast er at delar av tiltaka frå før er godkjende, og at det er viktige tiltak for å ivareta funksjonen til Flø Feriesenter AS og andre brukarar. Kystverket har òg gjeve samtykke på visse vilkår i saka. Vedtaket i utvalet var samrøystes. Eldar Stein Flø sa seg ugild i denne saka, og var såleis ikkje med på røystinga.