Odd Kåre Wiik på teknisk etat i Ulstein kommune forsikrar om at vassabonnentane i Eiksund og Haddal ikkje lenger treng å koke drikkevatnet. No har to vassprøver på rad synt at vatnet er reint. Det er fritt for E-coli-bakteriar, og såleis trygt å drikke. I samsvar med Folkehelseinstituttet og helsesjefen vil kommunen klore vatnet dei neste to vekene, for å sikre seg mot oppbløming av bakteriar i røyra.