Magne Grimstad vart attvalt som leiar i Ulstein marknadsforum. Han kan fortelje til Vikebladet Vestposten at årsmøtet gav eit rungande ja til at det viktige arbeidet med å finne ein dagleg leiar skal halde fram. Vidare vil Ulstein Marknadsforum opprette ei eiga butikkgruppe som vil arbeide med å få oppp aktivitet omkring butikkane. Mest truleg blir Greta Overvåg leiar for denne gruppa. Grimstad legg ikkje skjul på at 2006 var eit vanskeleg år. Marknadsforumet fekk ikkje til det dei ønskte. Dei la ned krefter i å tilsetje ein dagleg leiar, noko dei ikkje lukkast med. Denne frustrasjonen kom til uttrykk på årsmøtet frå medlemene. Magne Grimstad trur ein viktig brikke fell på plass i forumet når dei berre får på plass ein dagleg leiar. Kor mange betalande medlemer har Ulstein marknadsforum? Knappe femti medlemer betaler kontingent, svarer Grimstad som gjerne skulle hatt dobbelt så stor medlemsmasse. Marknadsforumsleiaren kan tenkje seg å gjere marknadsforumet attraktivt for større delar av næringslivet, ikkje berre butikkane. Vedtektene til Ulstein Marknadsforum seier at 25 % av medlemene må vere til stades på årsmøtet for at dei skal vere vedtaksføre. 30 % av medlemsmassen møtte opp, så dei vart vedtaksføre.