Sterk & Klar har som hovudmål å utsetje alkoholdebuten til ungdom. For å lykkast med dette må dei motivere foreldra til handling. Oddvar Bjørnestad er ein av pådrivarane bak Sterk & Klar. Han er ein ettertrakta foredragshaldar over heile landet, og har arbeidd som motivator og trenar innan fleire toppidrettsgreiner. Han er spesialpedagog av utdanning og har leia Bergensklinikkane. I tillegg til alt dette har han arbeidd mykje med ungdom som har det vanskeleg. Med sin engasjerande måte å formidle bodskapen sin på, og med sine treffande historier, har han sett i gang enkle og greie tankar som er nyttige både for foreldre, fagfolk og andre som jobbar med born og ungdom. Dei lokale arrangørane understrekar at Sterk & Klar ikkje er ein avhaldsorganisasjon for vaksne. Målet er å utsetje alkoholdebuten til ungdom. For å klare det må foreldra snakke med ungdomane sine, og kanskje også av og til ta ein telefon til andre tenåringsforeldre der ungdomane vankar i det same miljøet. Ofte handlar det like mykje om handlingar som haldning.