Valaker Bakeri AS har kjøpt alle aksjane i Pefo og overtok formelt drifta 1. august. Drifta ved Pefo sitt bakeri på Dragsund vart avvikla tidlegare i sommar, så dei siste vekene har bakar- og konditorvarer blitt sendt til Pefo-utsala i Ulsteinvik og Fosnavåg frå Valaker sitt produksjonsanlegg på Søvik. Den vidare drifta ved dei to utsala er enno på planleggingsstadiet. Det som er sikkert er at Valaker ikkje vil seie opp nokon av dei fast tilsette ved utsala. Valaker vil og ta omsyn til at Pefo har drive i 21 år og at kundane difor har forventingar om at utsala framleis skal tilby lokale spesialitetar . På sikt vil dei to utsala verte drivne etter samme driftsmodell som dei sju andre utsala Valaker har på Sunnmøre.

På Blåhuset

Valaker er i ferd med å inngå avtale om leige av eit areal på omlag 150 kvadratmeter på Blåhuset. Drifta i det noverande utsalet i Ulsteinvik vil difor verte avvikla når den nye delen av Blåhuset opnar våren 2008. Det nye utsalet i Ulsteinvik vil verte utstyrt med produksjonutstyr for både brød- og konditorvarer. Valaker tek sikte på å kunne tilby eit fullt sortiment til Pefo sine tidlegare privat- og bedriftskundar. Utsalet i Fosnavåg vil verte ombygd og oppgradert i løpet av hausten 2007.