Dagsenteret "Sansibar" held i dag til i sparebankbygget i tredje høgda. Men dagsenteret har trong for større lokale. I tida framover vil det kome fleire nye brukarar til Sansibar. Foreldra til ein av brukarane har kjøpt "Vådalhuset", bygget der Follestad & Co. og seinare "Ullfunn" heldt til. I saksutgreiinga til rådmannen blir det argumentert med at kommunen får vere med på rehabiliteringsprosessen, slik at dagsenteret får utforme lokala akkurat slik dei har trong for. Han peikar også på at huset ligg ideelt til i nærleiken av bustadene på Finsgardmarka, og at det vil vere ein fordel at deler av dagsenteret vil kome på bakkenivå. Men formannskapet seier altså nei, med 6 mot 1 røyset. Det var Perny Ann Nilsen (Frp.) som fremja fleirtalsforslaget. I vedtaket heiter det at formannskapet avslår tilbodet om å leige Vådalhuset. Dei ber områdeleiaren for pleie og omsorg om å vurdere fleire alternativ for dagsenteret. Formannskapet viser også til at 1. etasje i Vådalhuset er regulert til forretningsområde. Jon Gjerde (Ap.) stemte imot. Han fremja forslaget til rådmannen, men fekk berre si eiga røyst. Saka skal til endeleg handsaming i kommunestyret 14. februar.