I motsetning til Flora Louise lever den raudbrune høna framleis. Då Vikebladet Vestposten kom til rundkøyringa i Hareid sentrum var ho komen laus frå bandet - og stod og nippa etter makk i graset. Men den sterkt trafikkerte rundkøyringa er ingen stad for ei høne i lengda. To hønseeigarar på Hareid vart kontakta, og begge rykte ut. Men ingen av dei åtte høna, og ikkje visste dei om nokon annan i kommunen som eig denne typen høner. Men Ragnhild Teigene ved Opplevingsgarden på Teigane tok høna med seg heim. Seinare på dag ringde Willy Karlsen frå Vabakkane. I løpet av natta hadde to av dei elleve hønene hans forsvunne. Bikkja hans hadde også varsla at nokon gjekk rundt husa i 3-tida om natta. No har Karlsen fått tilbake den eine av dei to sakna hønene.