Kristoffer Haddal Myrene og Tore Bjørge Mjønes hadde bak seg ei treningsøkt ved Aktivsenteret laurdag kveld. Klokka 19.55 var det like før Vi-To stengde dørene, og lysta på pizza gjorde at dei la frå seg bagane bak ein snøskavl i krysset som fører inn i Støyleråsa, og la på sprang mot butikken. Men då dei kom tilbake var altså begge bagane borte. Den eine er grå, den andre blå. I staden for å ete pizza brukte gutane, og fleire i familiane deira, to timar av laurdagskvelden til å leite etter bagane. Og dei ringde også på hus i nabolaget i håp om at nokon hadde sett noko. Men nei. Leitinga vart tatt opp att søndag føremiddag, utan resultat. I bagane ligg der utstyr opp mot 10.000 kroner. Der er blant anna pulsklokker, VM-ball, raude fotballsko i den eine, kvite i den andre. Leggbeskyttarar og anna utstyr. I den eine bagen var der også eit klesskifte. – Vi håper nokon har tatt vare på bagane våre, seier Kristoffer og Tore Bjørge. Dersom det er tilfelle blir dei glade viss bagane blir leverte tilbake. Eit anna alternativ kan vere å setje bagane tilbake på klubbhuset ved Høddvoll, slik at Tore Bjørge og Kristoffer kan finne dei att der.
Nyhende →
Håper nokon har tatt vare på treningsbagane deira
Etter trening laurdag kveld skulle dei to gutane kjappe seg å kjøpe pizza på Vi-To, og la treningsbagane frå seg bak ei grøfta. Då dei kom tilbake 5 minutt seinare var bagane borte. No håper dei nokon har tatt vare på dei.