Kontrakten gjeld ein stor leveranse av automatiserte handteringsløysingar for 3D seismikk. Odim skal levere komplette bakdekks-løysingar for fire seismikk-fartøy, som kvar skal kunne handtere opptil 10 kablar. Utstyret skal i hovudsak leverast i 2008. Eastern Echo er ein heilt ny kunde for Odim. Kontrakten stadfester posisjonen vår som leiande leverandør av automatiserte handteringssystem til seismikk-industrien, kommenterer Idar Hatløy, ansvarleg for seismikksegmentet i Odim. Seismikkmarknaden er framleis god, og Hatløy opplyser at dei reknar med høg aktivitet både blant nye og godt etablerte kundar i tida framover.