Ordførar Hannelore Måseide i Ulstein opplyser at både Regionrådet og prosjektgruppa som jobbar for å få til eit betre flytilbod frå Volda Ørsta lufthamn Hovden, håper på å få etablert ein tilbringarbuss frå kommunane på Ytre Søre. Timekspressen går frå Volda/Ørsta om Ålesund, Molde og til Kristiansund, og Måseide trur mange fleire frå Ytre Søre vil nytte seg av dette tilbodet når Eiksundsambandet opnar 13. desember 2007. Saman med Ragnhild Aarflot Kalland, Jon Erik Engeset og Svein Rødset sit Måseide i nemnda som prøver å få på plass direktefly frå Hovden til Oslo om morgonen, med retur om kvelden. Då vil ein tilbringarbuss til og frå Ytre Søre vere viktig. Måseide opplyser at prosjektgruppa 10. april skal ha møte med statssekretær Steinulv Tungesvik. Dei har også på trappene eit møte med Widerøe og Timekspressen. Opninga av Eiksundsambandet skjer altså 13. desember 2007. Statens vegvesen har ansvaret for den offisielle delen av programmet. Kven som får æra av å opne sambandet, er ikkje kjent enno. Men etter det Vikebladet Vestposten kjenner til, har vegvesenet ute følarar mot kongehuset. Lofastsambandet (Lofoten) opnar same dag.