I Vikebladet Vestposten AS er der igjen ein minoritetsaksjonær, nemleg hareidingen Hans Gisle Holstad. Han har halde fast på aksjane sine. No har han og dei andre minoritetsaksjonærane fått eit tilbod frå Edda Media. - Tilbodet til mindretalsaksjonærane er for å få hundre prosent kontroll over dei tre avisselskapa. Vi har heile tida sagt at det er målet vårt å ha full kontroll. Men dette har også samanheng med det arbeidet som no går føre seg med selskapsstrukturen i Edda Media, seier direktør Stig Finslo i Edda Media til journalisten.no - i følgje NTB. Edda Media eig 94,9 prosent i Sunnmørsposten, 99,6 prosent i Vikebladet Vestposten. Det selskapet eig meir enn 90 prosent av aksjane, kan dei gå til tvangsinnløysing om det skulle bli nødvendig.