(NPK-NTB): Delen nordmenn som bruker sosiale medium som Facebook, Instagram og Snapchat, har auka med 9 prosentpoeng sidan 2015, rapporterer Statistisk sentralbyrå (SSB).

Ikkje uventa er det dei yngste som er dei flittigaste brukarane av sosiale medium, men det er blant dei middelaldrande frå 45 til 64 år bruken av sosiale medium har auka mest. I 2018 er det 20 prosent fleire hyppige brukarar blant middelaldrande enn det var for tre år sidan. Mange som er i denne aldersgruppa, brukar også sosiale medium i jobbsamanheng.

I 2015 var det 54 prosent av befolkninga mellom 16 og 79 år som brukte sosiale medium kvar dag eller nesten kvar dag. Fram til i år har det vore ein auke i denne delen på 12 prosentpoeng, noko som betyr at det er 66 prosent som brukar sosiale medium ofte.