– Eg har hatt fire kjekke sesongar med Volda, men då Hødd kontakta meg og spurde om eg ville kome hit var eg ikkje vond om å be, seier Tobias Evebø.

Vikebladet Vestposten møtte den tidlegare Volda-nøkkelspelaren like før ei treningsøkt med resten av A-troppen torsdag. Overgangen frå Volda til Hødd fann stad i førre veke, og 28-åringen, som er heile 195 centimeter på strømpelesten, er klar for å gi dei andre midtstopparane i klubben konkurranse om plassen. Trenar Sindre Eid har tidlegare fortald at Hødd lenge har følgt med på Tobias, og at han har vore aktuell også tidlegare.

– No er det vel fjerde eller femte gongen eg har trent med Hødd, så det var vel på tide at det blei Hødd-spelar av meg også. Eg føler nok sjølv eg eigentleg burde vore her allereie for fleire år sidan, seier Tobias Evebø smilande.

Han er på ingen måte framand for Hødd, eller motsett, for Tobias har spelt på lag med tidlegare Hødd-heltar som til dømes Ørjan Håskjold Nyland og Sivert Heltne Nilsen.

Når han no er ein del av Hødd, er han igjen lagkamerat med ein god kompis og ein av dei noverande Hødd-heltane, Marius Hagen.

Turnus- og fotballivet

Ei utfordring dei aller fleste kjenner til er å få tida til å strekke til. Tobias jobbar på ein barnevernsinstitusjon, og har såkalla langturnus.

– No blir det å sjå om eg tek nivået, noko eg trur eg klarer, men også å sjå korleis fotballen går i hop med jobben. Heldigvis har Hødd stor forståing for situasjonen min, og dei døgna eg jobbar i Volda, kan eg trene med Volda, seier han.

Kan kle fleire roller

Tobias føler spelestilen til Hødd passar han.

– Eg er duellsterk, pratar mykje, er plasseringsdyktig og gjer gode val med ball. Så vil eg også seie at eg har ein god pasningsfot. I mi tid i fotballen har eg hatt om lag alle rollene på bana, utanom keeper. No skal eg levere så godt som eg kan, og håper sjølvsagt å bli ein del av laget med tida, seier Tobias.