Er du mellom 9 og 13 år gammal og har lyst til å lære meir om det å ferdast på sjøen, så er Sommarskulen i regi av Redningsselskapet noko å vere med på.

I år var det 21 born som var med på Sommarskule på Ytre Søre Sunnmøre, og deltakarane storkosa seg med mange aktivitetar og spennande oppgåver i løpet av ei veke med sjølivet i sentrum. Til vanleg brukar ein å ha dette vekeslange arrangementet på Kjeldsund, men i år var leiren opptatt akkurat denne veka. Løysinga blei å flytte Sommarskulen til Borgstein i Ulsteinvik, der deltakarane blant anna padla seg ut til Spjutøya for å grille.

Og det var nettopp Spjutøya deltakarane kom inn igjen frå då Vikebladet Vestposten var innom Sommarskulen.

– Vi blei nok litt færre deltakarar i år enn vi kanskje hadde sett føre oss, men det kan nok ha med fleire ting å gjere. No har vi uansett sørgja for å reservere denne veka på Kjeldsund neste år, men det gjorde eigentleg ingenting at det blei i Ulsteinvik denne gongen. Vi har gjort mykje artig likevel, seier årets hovudinstruktør, Mikal Sætre Dahlstrøm, til lokalavisa.

Livredning, sjøvett og sjølivet

Instruktørane på Sommarskulen er alle rundt vidaregåande-alder eller nokre år eldre, og har vore med på Sommarskulen tidlegare.

– I tillegg er dei fleste av oss instruktørane sjøfolk, og medlemmar av Redningsselskapet, fortel Sætre Dahlstrøm, som sjølv nyleg var ferdigutdanna styrmann.

Skal ein ferdast på sjøen er det viktig å kjenne til sjøvettreglane, men også livredning. Eigne postar der livredning og sjøvett var tema var difor sjølvsagt med på programmet under denne veka.

Tre av deltakarane som var med var Håkon Myrlid Bøe, Johannes Sætre Gurskevik og Leander Fløtre Dimmen.

– Dette har vore svært lærerikt, og utruleg kjekt, men også veldig viktig. Det er mykje ein bør tenkje over når ein ferdast på sjøen, og ein skal sørgje for at ein sjølve og andre ein møter på, følgjer sjøvettreglane, sa dei tre.