Laurdag vart Nordvest Maraton arrangert på Hareid for 28.gong. Til saman 8 deltakarar sprang heilmaraton, medan heile 43 deltok på halvmaraton. - Det er ein klar auke i påmeldingar frå i fjor, og det er vi fornøgde med, men vi har alltid plass til fleire, seier løpsleiar Vidar Vollsæter. Det nye systemet der kvar løpar er utstyrt med ein chip slik at ein kan registrere tidene, fungerte også bra. - No kan ein i praksis sitje heime i stova og følgje med på kvar deltakarane er i løypa via heimesida til Racetracker, forklarer han.

VinnararOlger Pedersen (29 år) frå Dimna IL var første mann i mål på halvmaraton på tida 1:17:44.- Dette er femte gong eg deltek i dette løpet, fortel den rutinerte løparen. Ultraløparen Therese Falk (43 år) frå Hareid vann suverent heilmaraton på tida 3:13.17.- Eg er fornøgd med tida. Eg har nyleg sprunge ti maraton på ti dagar i Italia, så målet mitt her var å kome under tida 3:30. Therese byrja med å springe maraton for 6 år sidan. Ho er ein såkalla ultraløpar. Det inneber at ho liker å springe langt og lenge. Ho reiser verda rundt for å delta i løp og har mellom anna vore i Japan og på Mauritsius. - Det høyrest kanskje eksotisk ut, men løypa i dag er faktisk ei av dei finaste eg har sprunge. Det er veldig flott natur her, og arrangøren har gjort ein god jobb med å sette ut skilt og saftstasjonar,  fortel Therese. Løypetraseen går no frå Hareid stadion, rundt både Grimstadvatnet og Snipsøyrvatnet før det er målgang på stadion. Dei som deltek på heilmaraton, spring altså denne løypa to rundar.

To systrerOm to veker er Therese klar for VM i Kroatia. Ho er den einaste kvinna frå Norge som er kvalifsert.- Eg har eit sterkt ønskje om å kome i kontakt med sponsorar som kan vere interesserte i å støtte meg, seier talentet frå Hareid. Veslesøster Silje Falk Skodjevåg (37 år) sprang halvmaraton for første gong. - Den første mila var fin, men så vart det tungt i beina, smiler Silje etter målgang. Då ho kom i mål stod storesyster Therese og tok vel imot henne. Silje kom på ein 9.plass i kvinneklassen på tida 2:01:03. - Eg er veldig fornøgd med å ha fullført. I kveld så skal vi ete smågodt med godt samvit, seier Silje.

Resultatliste:

Heilmaraton:Kvinner:1.) Therese Falk, tid: 3:13:172.) Daransporn Sangthong, 3:51:563.) Signy Henden Rustlie, 6:08:21Legg merke til Signy som fullførte løpet i aldersklassen 80-84 år.

Herre:1.) Hallstein Saunes, tid 3:34:112.) Svein Rune Johannesen, tid: 3:36:063.) Geir Råheim, tid: 3:56:20

Halvmaraton:Kvinner:1.) Silje Kulen, tid: 1:48:422.) Ida Haddal, tid: 1:51:313.) Liv-Astrid Langnes, tid: 1:51:39

Herre:1.) Olger Pedersen, tid: 1:17:442.) Jan-Endre Rise, tid: 1:22:173.) Martin Hauge Nilsen, tid: 1:24:03

Resultatlistene frå Nordvest Maraton finn ein på denne nettsida:

https://events.racetracker.no/2018/nordvestmaraton/results/