Leiinga i Coop har bestemt at Coop Prix Hareid skal bli til Coop Extra. For butikken på Hareid betyr dette eit steg opp, fortel butikksjef Grete Elvanes.
Butikken skal byggjast om, lanseringa som Coop Extra vil skje tidleg i oktober.
Namneendringa inneber at butikken vil få eit større vareutval, meir faghandel og ei sterkare satsing på ferskvarer.
Elvanes fortel at nokre av kriteriane for å kunne gå frå Prix til Extra-konseptet, er omsetningsauke.
- Vi har klart å tene pengar, og vi har god kontroll på svinn, forklarer ho.
Eit anna krav er at lokalet må vere på minst 700 kvadratmeter, og der stettar butikken på Hareid med sine 720 kvadratmeter kravet akkurat.
Nemninga Coop Prix har vore brukt på Hareid dei siste 6-7 åra.