Torsdag 5. juni opnar Rolls-Royce eit nytt servicesenter for skip på Laksevågneset i Bergen. Dette blir eit heilt nytt tilbod til nordsjøflåten. Tilgang til landstraum og kort seglingstid til service gjer også anlegget til eit godt miljøtiltak.

Det nye servicesenteret rettar seg i første rekke mot alle skipa som opererer i Nordsjøen ut frå Bergen. Desse har gjerne ventetid ved kai, og kan med fordel utnytte denne tida til å få utført reparasjonar.

- Bergen har om lag 1600 anløp av offshoreskip kvart år. 1200 av desse fartøya har utstyr produsert av Rolls-Royce om bord. Dette er motorar, dekksmaskineri, propellar, thrustarar, ror og styringssystem, forklarer Knut Chr. Hovland, senior Vice President Marine Service, Europa i Rolls-Royce.

Plass til to ved kaia

Verkstadhallen er på vel 1300 kvadratmer. Der kan det takast inn utstyr og bli utført vedlikehald og reparasjonar raskt. Kailengda er stor nok til at to skip kan lligge ved kai samtidig. Kaianlegget har ISP-godkjenning for hamnesikring, eit krav for fartøy som opererer i internasjonale farvatn.