Helge Vatnehol (58) har sagt opp stillinga si i Rolls-Royce Marine. Vatnehol har stillinga som Senior Vice President Offshore Deck Machinery, og har jobba i selskapet i 23 år. Han byrja som teknisk sjef i det som då heitte Hydraulik Brattvaag. Sidan januar 2013 har Vatnehol også hatt rolla som adm. direktør for Rolls-Royce Marine AS.

– Helge har hatt ei rekkje leiarstillingar i systemet vårt, og gjort ein solid innsats i dei alle. Me har sjølvsagt stor forståing for at han har lyst til å prøve noko anna, men kjem til å sakne kompetansen hans og hans stoiske ro i kvardagen, seier John Knudsen, konserndirektør for Commercial Marine i Rolls-Royce.

Helge Vatnehol held fram i Rolls-Royce fram til 1. september, då byrjar han som konsernsjef i Rapp Marine.

Intern rekruttering

– Me er i ferd med å leggje ein ny kabal for leiinga i Commercial Marine i desse dagar, og eg har tru på at Helges etterfølgar vil vere på plass før sommaren. Det vil bli ei intern rekruttering, seier Knudsen.