Dagen før den store dagen, 16. mai, skjedde det noko på Dimnøya i Ulstein som veterinærar kallar for ein liten sensasjon. Tre kalvar vart fødd av éi og same ku.

Aldri opplevd trillingar

– Eg hadde ingen aning om at det skulle kome trillingar. Det er mest vanleg at det kjem berre éin – eller tvillingar. Trillingar har eg aldri opplevd før, fortel gardbrukar Øyvind Garshol.

Øyvind tok over gardsdrifta etter faren, som har drive garden i lang tid. Heller ikkje han har opplevd at ei ku har fødd trillingar.

– Det er første gong eg har opplevd dette. Mora til kalvane er sjølv tvilling. Kanskje det har ein samanheng, undrar han.

Svært sjeldan

Kristin Myrene ved Søre Sunnmøre landbrukskontor fortel at det er svært sjeldan det blir fødd trillingar. Ho viser til veterinærkontoret i Ulsteinvik for ein fagleg kommentar på den sjeldne fødselen på Dimnøya.

– Hyppigheita på trillingfødslar med ku er på 0,1 promille – altså 1 per 10.000 kalvingar. Eg har snakka med min kollega John Osnes, som gjennom 40 års praksis ikkje kan hugse å ha opplevd trillingfødslar med ku, fortel veterinær Henriette Wiik Larsen ved veterinærkontoret i Ulsteinvik.

Kviga er steril

Garshol fortel at kviga som er fødd er steril. Det er på grunn av at det vart fødd okse og kvige samstundes. Wiik Larsen har ei forklaring på dette.

– Når det gjeld sterile kviger, eller freemartinisme som det kallast på fagspråket, førekjem dette i 90 prosent av tilfella der det blir fødd okse- og kvigekalv samstundes. Bakgrunnen for dette er særskilde anatomiske tilhøve i morkaka, fortel Wiik Larsen.

Blodkar veks saman og gjer at kalvefostera utveksler celler seg imellom. Kvigekalven blir som hovudregel påverka i hannleg retning.

– I dei fleste tilfelle vil ei slik steril kvige sjå normal ut, men kan ofte vere litt stor og kraftig. Dei indre kjønnsorgana er ofte meir eller mindre underutvikla. Oksekalven utviklar seg normalt, avsluttar Wiik Larsen.