Nettstaden Barnehage.no har samla inn tal frå norske kommunar for å kunne samanlikne kor mykje dei private barnehagane får i tilskot per barn.
Undersøkinga viser at det skil så mykje som 100.000 kroner mellom dei kommunane som gir mest tilskot per barn og dei som gir minst. Undersøkinga skil også mellom barn under og over tre år.
Av dei kommunane som har rapportert tilskot til private barnehagar i 2013 er det Vanylven kommune som har høgast tilskot per barn med 220.668 kroner for barn under tre år og 112.220 til barn over tre år.
Kommunen med lågast tilskot på Barnehage.no si oversikt er Vardø kommune som har 117.691 for barn under tre og 55.610 kroner for barna som er eldre enn tre år.
Ser ein desse tala opp mot Ulstein og Hareid, så kjem begge desse kommunane på nedre halvdel av oversikta. I Ulstein får dei private barnehagane tildelt 164.294 kroner per barn under tre år og 78.496 kroner for barn over tre. Dei tilsvarande tala for Hareid kommune er 157.427 og 76.035 kroner, men det er ikkje registrert nye tal for Hareid i oversikta sidan 2011.
(Kommune: Tilskot til barn under tre år - tilskot til barn over tre år)
Hareid (2011): 157.427–76.035
Ulstein (2013): 164.294–78.496
Herøy (2012): 181 254–88 112
Sande (2013): 165 808–79 329
Volda (2011): 160 406–77 779
Vanylven (2013): 220 668–112 220
Oversikta frå Barnehage.no inkluderte ikkje tal frå Ørsta kommune.