Gjengen i bandet GoodFeel har ansvaret for rådhusrocken i år. Bandmedlemene har sjølve delteke på rådhusrock fleire gongar. No håper dei mange melder seg på. – Det er nauta artig, og det er ei god erfaring, meiner manager Richard Vattøy. GoodFeel skal naturlegvis også spele under årets rådhusrock, samstundes som dei skal vere arrangør for første gong. – Vi gler oss til å ta på oss arrangøransvaret. Det er eigentleg noko vi alltid har hatt lyst til å gjere. Det vert gøy og lærerikt, trur Vattøy.
Påmeldingsfrist
Alle som vil, kan melde på band. Det finst inga nedre – eller øvre aldersgrense, men det må vere band som speler rockemusikk. Påmeldingsfristen er laurdag 6. juni. – Folk kan gå inn på GoodFeel si gruppe på Facebook, og sende ein mail til Ricie_vattoyhotmail.com for å melde seg på, seier Vattøy. Rådhusrocken er ein gylden sjanse til å få opptre på ei scene som er rigga til profesjonelt. Dessutan er det kanskje ekstra stas å få spele på sjølvaste rådhusplassen laurdag kveld under Ulsteindagane.