Fosnavåg vart ikkje med mellom dei 6-7 tilboda som gjekk vidare til den endelege runden i UDI, truleg på grunn av prisen. Kostnadene i Fosnavåg vart for høge på grunn av kostnadene ved å setje i stand Herøy Hotell, skriv avisa. I følgje UDI vil Halsa og Tingvoll få nye mottak her i fylket. Kommunen skal drive mottaket i Tingvoll - med plass til 30 - medan Link As skal drive eit 33-plassars mottak i Halsa. Ordførar Arnulf Goksøyr i Herøy ser ikkje bort frå at grunnen til at Fosnavåg no har fått avslag to gonger er at det gamle hotellet der blir vurdert som lite egna som mottak. Han rår derfor Link As til å ikkje søkje fleire gonger. Som kjent har også ein tidlegare søknad om asylmottak i Fosnavåg fått avslag.