Klokka 03 natt til søndag vart det observert tre naudrakettar frå ein posisjon ved Straumane i retning ytre Dimna. Det vart sendt ut både redningsskøyte og ambulansehelikopter, men søket vart avslutta klokka 0445 utan at det kom fram at nokon kunne vere i naud.
Politiet trur derfor at det kan vere snakk om misbruk.
*
Tidlegare på natt vart ein person i slutten av tenåra vist vekk frå ein fest på Trudvang, Hareid, på grunn av aggressiv framferd.