Med kuldegrader ned mot 6 minus den siste veka, har isen på Grimstadvatnet frose fint til. Folk har dei siste dagane gått på skeiser både dag og kveld. I dag, torsdag, har Hareid skule nytta sjansen til å ta i bruk isen. 1.-3.-klassingane har kosa seg på isen i dag, i morgon blir det storskulen sin tur.
Isen verkar å vere trygg, men regelen om å ikkje gå for nær osen er noko som nye generasjonar med skeiseløparar må minnast på.