Dagleg leiar Arnt-Ivar Berg syner stolt fram åtte flotte bøker Egsetviketrykk har vore med på å gje ut i perioden frå oktober til desember.
Det er: 52 opplevingar på Sunnmøre (Skald Forlag), Rytmen mellom oss (Skald Forlag), Skibygda Voss (Skald Forlag), Tindekliv på Sunnmøre (Iriss Forlag), Augneblinkar – frå Hareid (A.O. Grimstad), Sunnmørskyrkjene (Bla.no) Framdrift. Scana Volda 100 år og Fiskebåtar i Sandøy (Bjørn Owe Hjelle).
Det er no før jul dei fleste vil gje ut bøker.
Viktig del av produksjonen
Berg slår fast at bokproduksjon er ein viktig del av produksjonen ved prenteverket, det likar han godt. Det gjev dei fleire timar med design, så design blir ein større del av arbeidet deira. Egsetviketrykk har no to designarar på huset.
På bøkene frå Skald Forlag har Trude Antonie Øvrebøe ved Egsetviketrykk stått for designen.
– Kvifor får de oppdraga? Er det for at de er så dyktige på design?
– Ja, Trude er dyktig og byrjar bli erfaren på design av bøker, smiler Berg.
Det at Skald Forlag stadig gjev dei nye oppdrag tyder på at dei er nøgde med trykkeriet. Forlaget ligg i Bergen, så dei vel ikkje Egsetviketrykk for at det er nærast.
Trude Antonie Øvrebøe fortel at ho likar godt å jobbe for Skald. Dei er kresne, då er det ekstra kjekt at dei kjem att som kundar og lar henne få designe bøker for dei.
Einar Ekroll har vore prosjektleiar for praktboka om Sunnmørskyrkjene, der trykkeriet har stått for design og produksjon.
Mange ulike bøker
I tillegg til desse bøkene som blir selde i butikkar, er Egsetviketrykk med på å gje ut historiebøker for firma, og dei gjev ut mjukomslagsbøker for privatpersonar og familiar, som minnebøker og liknande.
Øvrebøe fortel at det er stor skilnad på produksjonstida bak ei bok. Nokre bøker har ho god tid på å designe og planleggje, medan andre får ho korte tidsfristar på. Sjølv likar ho best der ho har meir tid på seg og kan diskutere med forfattar og forleggjar korleis dei har tenkt seg tilhøvet mellom tekst og bilete.
Erfaring og kompetanse
– Er det kundane som tek kontakt med dykk?
– Ja, som regel er det det. Dei har ei bok dei vil gje ut, så innhentar dei tilbod frå ulike trykkeri, svarer Berg.
Og når dei vel trykkeri er det viktig å tilby kundane ein god pris, men ikkje minst også gode erfarne fagfolk som kan gje råd om kva papir dei bør velje, korleis omslaget bør sjå ut og liknande spørsmål.