Vikemarka i Ulsteinvik er eit attraktivt område for folk som vil busetje seg i anten leilegheit eller einebustad. Etterspurnaden for bustader, spesielt leilegheiter, har eksplodert dei siste åra.
Det har MCO Bygg i Ulsteinvik bite seg merke i. Difor bygg og leverer dei leilegheiter i ekspressfart.
Før tomta står ferdig
MCO Bygg er medlem av Blink Hus. Byggjeverksemda har kontor i Ulsteinvik, der Glenn Thoresen og Andreas Fjørtoft gledeleg fortel om prosjekta sine – sett saman av tak- og veggelement.
– Vi har eigen fabrikk i Litauen som konstruerer elementa som til slutt dannar eit hus. Medan entreprenøren arbeider med tomta blir huset bygd i Litauen. Det første av fem leilegheitsbygg i Vikemarka står ferdig med tak, vegger og vindauge. Her er alt klart for teknisk anlegg som til dømes røyrleggjar og elektrikar skal montere, fortel Thoresen og Fjørtoft.
Huset blir frakta frå Litauen fordelt på fem trailerar. Når det kjem til Ulsteinvik og Vikemarka, brukar MCO Bygg knappe to dagar på å krane elementa på plass, og til saman tre dagar med å gjer huset vind- og regntett. Det gir ei kort tørketid.
– Ein konkurrent, som bygg etter tradisjonelle metodar, må oftast rekne med ei tørketid på eit par månader. Vi kan starte med installasjonen av teknisk anlegg etter berre ei veke. Dette gir kortare byggjetid og kortare ventetid for kunden, fortel dei.
Elementa kjem ferdig frå Litauen med eit strøk måling, isolasjon og alt anna nødvendig, etter byggtekniske krav.
Stor etterspurnad
MCO Bygg har vore etablert sidan 2005, og har dei siste fem åra hatt fokus på bustadmarknaden.
Dei står blant anna bak feriehusbygginga på Budaneset på Leikong, der feriehusa er bygd og sett opp på same måte som leilegheitene i Vikemarka.
– Det er størst trykk på bustadmarknaden. Difor er den høgst prioritert no. Av dei fem leilegheitsbygga vi har prosjektert i Vikemarka, er vi allereie i gang med salet på det tredje bygget. Etterspurnaden i Ulsteinvik er stor, slår dei fast.
– Vi er imponert over utviklinga i Ulsteinvik. Her fins ei uvanleg evne og vilje med å skape bulyst. Som følgjer av dette vil folk flytte hit og etablere seg her. Men vi har større nedslagsfelt enn berre Ulsteinvik. Vi har fokus på heile søre Sunnmøre. Prosjektet i Vikemarka med 20 einingar er ein oversiktleg og behageleg storleik på eit prosjekt for oss akkurat no, avsluttar dei.