Hareid har ein nedgang på heile 24 personar, slik at kommunen no har ei arbeidsløyse på 2,4 prosent. Herøy opplever noko av det same; her er reduksjonen på 13 personar, slik at kommunen no har ei arbeidsløyse på 2,0 prosent.
Lågast arbeidsløyse har Volda med 1,2 prosent, Vanylven har 1,6 prosent, Ørsta har 1,6 prosent og ein reduksjonen på 14 personar siste månad. Ulstein har 1,8 prosent, medan Sande har 2,1 prosent og ein auke på fem ledige. Lågast i fylket er Rindal med 0,5 prosent.