- Heilt forferdeleg, seier eigar Merete Ristesund.

Det var i eit lesarinnlegg i Vestlandsnytt tysdag at Ristesund skreiv om hendinga som har gjort ho og mange rundt ho sjokkert.

- Eg er veldig skuffa. Det er forferdeleg at nokon gjer slikt. No har eg tenkt på dette sidan vi fekk vite kva som hadde skjedd, og bestemte meg for at no skulle eg ytre meg. Det blei til eit lesarinnlegg, men eg hadde ikkje trudd at media skulle ta tak i det også, seier Ristesund til Vikebladet Vestposten.

Sunnmørsposten laga også eit oppslag på sine nettsider onsdag.

«Til deg som skyt på kattar med luftgevær i Hallelia» var tittelen på lesarinnlegget Ristesund sendte inn til lokalavisa for Herøy og Sande.

- Eg står for kvart eitt ord eg har skrive. Eg blei så sjokkert av dette.

Skoten med luftgevær

Flaxi hadde ingen enkel start på livet, då katten heilt tilfeldig blei funnen av eldstesonen til Merete då han var på båttur. Då katten kom heim ein dag i slutten av oktober merka familien at noko ikkje var heilt slik det skulle vere. Den halta, og såg ut til å ha store smerter. Dagen etter tok dei katten med til veterinærkontoret i Ulsteinvik, der veterinæren med første augekast ikkje fann ut kva det var som førte til haltinga.

- Det blei bestemt at Flaxi skulle vere over for observasjon, og det skulle takast røntgen. Då vi kom tilbake for å hente ho fekk vi beskjeden om at ho var skoten med luftgevær, og at kula framleis sat i, seier Merete Ristesund.

– Kula var meint å ta livet av kjæledyret mitt. Flaks for meg, uflaks for deg, so lever katten enno, skreiv ho i lesarinnlegget i Vestlandsnytt.

Melder til politiet

Familien melder no saka til politiet, og håpar gjerningsmannen står fram.

- Kattar kjenner smerte dei også, og ei luftgeværkule er nok utruleg smertefullt å gå rundt med i kroppen. Veterinæren meiner vi skal melde dette til politiet, og det kjem vi til å gjere, seier Merete Ristesund.