- Då har ein "uverkeleg" dag blitt "verkeleg", skriv 70-åringen Svein Eiksund på facebook-sida si etter at han og kona Anita hadde fått møte kong Harald og dronning Sonja på Slottet i Oslo måndag ettermiddag.

Bakgrunnen for slottsaudiensen er som kjent at Svein Eiksund fekk tildelt Kongens Fortenestemedalje då han i september i fjor feira sin eigen 70-årsdag med ein storkonsert saman med dei fem kora sine i Ulstein kyrkje. Lite visste han då at han kort tid etter måtte ut i ei uviss og hardhendt kreftbehandling. Ei behandling som har vore vellykka.

- Det vart eii "once in the lifetime"-oppleving, og på toppen av det heile var vi så heldige å få ha kongen ved bordet under heile bordsetet, fortel Eiksund.

30 medaljørar frå heile landet

30 Kongens Fortenestemedalje-vinnarar var samla i ballsalen på Slottet denne dagen. Svein Eiksund og kona Anita sat ved eit småbord i lag med tre andre medalje-par frå Alvdal, Sogndal og Stavanger. Pluss kongen. Dronning Sonja sat ved eit anna bord.

- Det vart eit nært møte med folkekongen, som både er lyttande , herverande og humoristisk, melder Eiksund.

Vikebladet Vestposten får huka Eiksund i telefonen i det han er undervegs frå Slottet for å feire vidare utover kvelden på Teaterkafeen.

Samlinga på Slottet starta alt klokka 13 - med omvising - og deretter fekk kongen takka medaljørane for den innsatsen dei hadde lagt ned for folk og land. Og det vart sjølvsagt eksklusive smårettar å få.

- Kongen var svært godt orientert om den enkelte medaljør. Han visste veldig godt kvar Ulsteinvik låg og kva Hødd og Hasund stod for.

Eiksund legg til at han for tida er på ei avsluttande strålingsrunde på St. Olavs Hospital i Trondheim - og der møtte han Nobelprisvinnar Edvard Moser, som han forresten har vore så heldig å ha fått ha som elev.

- Eg var så heldig å få møte han i sitt "rike" - Kavli-instituttet - som er ein del av St. Olav hospital-komplekset. Han var vel kjend med situasjonen min, og den eigentlege grunnen til at eg var på St. Olav. Etter ein koseleg mimreprat, med gratulasjonar begge vegar, foreslo han ein selfie til slutt. Eg sa til Moser at den skal eg vise til kongen, litt på spøk, for det blir som å vandre frå den eine kongen (Nobel-kongen i medisin), til den andre kongen same helga. Og slik vart det. Kong Harald fekk sjø selfien, og kommenterte kontant at den prestasjonen til Edvard og Mai Britt Moser var heilt konge! Han var vel orientert, og humor hadde han, fortel Svein Eiksund.