Onsdag 22. april har starta roleg på Sunnmøre,men i løpet av dagen skal det blåse opp – og Meteorologisk Institutt har sendt ut eit OBS-varsel for heile fylket.
Men det er først og fremst dei nordlege delane av fylket som får det. Der er det venta full storm på utsette stader seint i ettermiddag og tidleg på kvelden. På Sunnmøre merkar vi oss at det er meldt sterk kuling (19 meter per sekund) på Runde utpå kvelden.
Vinden kjem først frå sørvest, men vil dreie vestleg og minke utover kvelden.