Ein mann frå Ytre Søre er dømd til fengsel i 14 dagar, men med ei prøvetid på to år, ei bot på 38.000 kroner og tap av førarretten i to år.

Dette fordi han for ei tid tilbake køyrde moped trass i at han var påverka av promille.

Den første blodprøva som vart tatt av han viste 1,65 promille alkohol i blodet, noko som blir rekna som ikkje ubetydeleg. Sunnmøre tingrett finn det også skjerpande at køyringa skjedde på dagtid, i bebygt område.

Med i vilkåret for å utsetje fengselsstraffa, er at mannen gjennomfører eit program mot køyring i ruspåverka tilstand.